(All tekst og bilder hentet fra Trollheimsporten)
Hallvard Løfald tok andreplassen framom Morten Svinsås. I kvinneklassen var det berre ein deltakar som gjekk på tid, Gunn Sande Holtan frå Surnadal.
Det var 75 trimmarar, og i turklassen var det 16 deltakarar - av desse berre ei i dameklassen.
Dei som oppheldt seg utandørs på Skogsletta fekk god sekundering frå passeringane ved dei to drikkestasjonane. Hans Petter Lykkja leda heile tida og berre auka forspranget. Men så er han jo landslagsløpar! Flott at han tek seg tid til å delta på slike lokale løp! Elles merker vi oss Lars Bakken Røen gjorde eit sterkt løp, og at Adressas sportsreporter Birger Løfaldli plasserte seg på ein 7.plass. Han viser at han kan meir enn å skrive om skisport!
Veret var surt heile dagen. Vindstyrken varierte, men den var særleg plagsom på Tiursåsen og på Skogsletta. Regnet gjorde at løypa var tung og seig og gav lite kvile. Likevel var stemninga ved innkomsten lett og god, for da var det heile over.
Resultat Turrennklassen:
Herrer | |||
1. | Hans Petter Lykkja | Dalguten | 01:52:04 |
2. | Hallvard Løfald | IK Rindals-Troll | 01:54:46 |
3. | Morten Svinsås | IK Rindals-Troll | 01:55:42 |
4. | Lars Bakken Røen | IK Rindals-Troll | 01:59:55 |
5. | Håvard Sagli | Aure IL | 02:00:47 |
6. | Gjermund Løfald | IK Rindals-Troll | 02:00:56 |
7. | Birger Løfaldli | IK Rindals-Troll | 02:02:07 |
8. | Stig Karlstad | Meldal IL | 02:06:18 |
9. | Helge Møkkelgård | IL Rindøl | 02:06:50 |
10. | Haldor Hofset | Tingvoll | 02:07:50 |
11. | Svein Stolsmo | Betna | 02:09:43 |
12. | Ingebrigt Henden | Betna | 02:10:00 |
13. | Edvin Olve Røen | Øksendal | 02:11:39 |
14. | Rune Stølen | Tingvoll | 02:13:36 |
15. | Sigurd Jonli | IL Rindøl | 02:18:28 |
Damer | |||
1. | Gunn Sande Holtan | Surnadal IL | ............ |